Tikk-takk-tikk-takk!
Tida går jevnt og trutt.
Men likevel går tida nokre gonger fort og andre gonger sakte. Og mange gonger tida går fort, ynskjer me at tida skal gå saktare - og omvendt.
For mange år sidan, fantaserte eg og ei venninne om at alle hadde individuell tid. Det vil seie at viss du til dømes venta på ein buss og han var for sein, kunne du legge den ventetida i ein tidsbank og ta ut tida når du trengte ho, til dømes når du var for sein til ein avtale.
Ja, eg veit jo at dette ikkje er muleg å gjennomføre, men eg likar tanken.
Nå er det plutseleg snart påskeferie. Eg gler meg. Mens eg er i permisjon, går dagane og vekene litt i eitt. Så påskeferien kom litt plutseleg. Når eg er på jobb som lærar, tilpassar me arbeidsplanane slik at dei passar inn mellom feriane. Så da har eg full kontroll på alle feriar og andre fridagar. Da teller eg ikkje veker, men arbeidsplanar.
Når det gjeld alder, har me jo og ulik tilnærming til tid. Mi vesle jente er snart 3 månader. I starten visste eg kor mange dagar ho var, deretter talte eg veker og nå snakkar eg om heile og halve månader.
Men om ein er 31, 32 eller 33 år, det spelar inga rolle.
Det viktigaste til slutt: Nyt tida, enten ho går sakte eller raskt, ho kjem ikkje tilbake. (Men minna kan du behalde)
2 kommentarer:
Godt sagt! :)
Eg likar nynorsk! Og eg likar at det er påskeferie. For i morgon kjem eg heim! Og blir der i over ei veke. Og eg ønskjer meg lange trilleturar og grilling!
Legg inn en kommentar